Ung kulturutøvar i alderen 18 til 25? Då kan du søkja Drømmestipendet.
Drømmestipendet består av 50 stipend à 30 000 kroner – til saman 1,5 millionar kroner. Stipendordninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping.
Gjennom drømmestipendet ynskjer dei å synleggjera kommunane sitt arbeid for unge. Håpet er at Drømmestipendet skal vere til verdifull inspirasjon og eit viktig bidrag til å oppfylle mange unge kulturutøvarar sine draumar.
På drømmestipendet si nettsida står det mellom anna: Stipendet skal gi verdifull inspirasjon og anerkjennelse, og bidra til at mange unge kunst- og kulturutøvere får oppfylt sine drømmer. Stipendordningen skal også bidra til å synliggjøre kommunenes arbeid for unge kunst- og kulturutøvere.
Søknadsportalen for Drømmestipendet 2025 opna 15. september og er open til 15. november 2024, kl. 12.00.
Stord kommune har så langt fått tildelt 8 Drømmestipend i løpet av åra:
2023, Brita Angeltveit, teater
2020, Magnhild Halland, song/låtskriving
2019, Torgrim Grini Fjelldal, bassklarinett
2018, Sina Amalie Hauge, klarinett
2016, Robert Gloppholm Sylta, trombone og Jan Anders Presthus, dans
2015, Fridar Arnar Malmsten Steinkopf
2008, Tina Presthus, fiolin