– Framleis håp for gatefotballbanen?

Har lege Dette burde vore gatefotballbanen på Stord. (Foto: Steinar Hystad)

Fredag var det eit særs interessant innslag om gatefotball i NRK Dagsrevyen. Der fekk me høyra om eit elitelag som også å har ei avdeling fotball for medmenneske som har litt ekstra å stri med i kvardagen.  Gatefotballkampane handlar vel så mykje deltakarane sine personlege kamp mot rusvanskar, som om poeng og divisjonsopprykk. Ei meistring gull verd, vart det  opplyst.

For Stordront.no gjekk tankane rett til ei lita grusslette i krysset Studalen/Bandadalen i eigen kommune. Ein kommunal eigedom, etla til ball-løkke då han vart rigga til for ein del tiår sidan. Ei gruppe under Frelsesarmeen sitt korps, skaffa til vegars kunstgras og mål og vona det let seg gjera å få til ein gatefotballbane på området. Det enda i krav om nyregulering og formalitetar. Slikt kostar både pengar og krefter og enden på gatefotballvisa så langt  er at «saka» er avslutta kommunalt.

– Synd, meiner Stordront.no, og oppmodar til eit par  ekstrarundar mellom  folkevalte for å finna ei smidig løysing slik at gatefotballen også kan rulla på eigen bane på Stord.