Trodlahaugen barnehage har laga bok

Flott teikning henta frå boka til Trodlahaugen barnehage

Kven kan kalla seg forfattar og illustratør i ein alder av 1-6 år? Jo, det kan alle barna i Trodlahaugen barnehage. Dei er ute med følgande melding på Stord kommune sine heimesider:

I Trodlahaugen barnehage byggjer me vårt pedagogiske grunnsyn på trua på «det kompetente barn». Me skal møte alle barn ut frå deira individuelle behov, modning og ynskjer om læring og utvikling. Alle barn kan, og har sine føresetnader for å lære og utvikle seg. Vår oppgåve som vaksne vert å legge til rette for barna sine innspel, deira leik og læring. 

Gode og varierte opplevingar er viktig for å skapa glede, nysgjerrigheit og utvikling. Viktigast av alt er at barna får høve til å delta og å aktivt medverka med innspel, idear og si eiga kompetanse. Dei kollektive erfaringane styrkar samhaldet i barnehagen, og bidreg til at nye venskap blir etablerte. Samspelet mellom barna er ein viktig del av læreprosessen og me må difor gjera barna viktige for kvarandre. Gjennom å vere samla rundt noko som bidreg til gode opplevingar, interesse for den andre sitt engasjement, humor, glede og samarbeid, kan barna lære av kvarandre.

Prosjektet vårt blei avslutta med bokslepp der alle barna og vaksne var med å dramatiserte boka for eit stort publikum. 

Dersom du ynskjer å kjøpe boka vår, kan du ta kontakt med oss i barnehagen. 

Lørdag 5. oktober skal me lese boka vår på «bok og boller» på Stord folkebibliotek. Du er hjarteleg velkommen! 

Boka har mange flotte, fargerike illustrasjonar