– Snøen frå i fjor?

Når me i  unge dagar trudde me var litt løgne i praten,  sette me gjerne fram påstanden om at det ikkje var særleg vits i å snakka om  snøen som fall i fjorden.  Utgangspunktet var naturlegvis  ordtaket om at det ikkje hadde, og heller ikkje har, noko for seg å snakka særleg lenge snøen som fall i fjor. Den er jo borte, vekke for lengst. Då kan det kanskje vera meir matnyttig å kikka nærare på eit av dei ordtaka me presenterer i dag, nemleg: Kor e’ snøen frå i fjor?.   Seks ord som bør vera ei framifrå godt  høve til ordskifte.

God helg.

Ordtak og fyndord å ta med inn i helga:

  • Ein får vera glad ein er til – det er ikkje alle som er det, sa guten
  • Kor e’ snøen frå i fjor
  • To kan trekka i same tau – men i kvar sin retning
  • Ikkje noko er mislukka, men resultatet kan vera så ymse
  • Suksess er kunsten å gjera feil – utan at nokon oppdagar det

Så nokre ord på veg ut av Stordamålet alt for 50 år sidan:

  • Onnug = ha det travelt, hasta
  • Oppstuss = bråk, også bruka om slikt som vekte åtgaum
  • Oras = mykje snakk, bisn
  • Orka = makta, greia, vinna på ting
  • Otta = tidleg om morgonen