Kom med 600 franske turistar

«Mermoz» ved Nattrutekaien i juni 1984. (Foto: Tor Resser)

I debatten om meir engasjement for fleire cruise-skip til kai  i Leirvik, kan det vera greitt å minna om at dette ikkje er noko veldig nytt for hamna vår. I sluten av juni 1984 la staslege «MERMOZ» til Nattrutekaien med 600 franske passasjerar om bord. Båten hadde i tillegg eit mannskap på ca 300 – og vart omtalt som ein flytande by med alt av tilbod ein kunne tenkja seg «på bølgjan blå». På Stord hadde Berg Hansen reisebrå hand om opplegget, og baud på busstur, museumsbesøk og rusling på Vikjo. På Noregsturen hadde «MERMOZ» vore innom Flåm, Ålesund, Geiranger og Molde. Frå Leirvik gjekk turen til Bergen – og fly heim til Frankrike for passasjerane.