Prosessen i gang for å skipa  Stord kulturråd

Kultursjef i Stord – Anne Lene Østvold Jordåen (Foto: Steinar Hystad)

Idretten i kommunen har sitt eige råd, det same har kor og korps, men det er felrie aktørar innen kulturfeltet i Stord og no er prosessen for eit kulturråd så smått kome i siget. Måndag 30. september kalla Eining for kultur til samling for å drøfta saka og i ein kommentar til Stordront.no etter samtalane, seier kultursjef Anne Lene Østvold Jordåen:

– Me hadde eit godt møte, men det vert ikkje skipa til noko lokalt kulturråd eller liknande. Å etablera eit slik råd er ein prosess som nok vil ta noko lengre tid. Men møtet var godt og det er ynskje om å få til eit eller anna slags råd/organ på sikt. Laga/organisasjonane skal møtast igjen på nyåret og arbeida vidare med saka.