– Tenleg å gå for Knutsaåsen

Den nye sjukeheimen på  Knutsaåsen er tenkt bygt i området der stallen står. (Foto: Steinar Hystad)

Råd og utval i Stord har for tida drøftingar kring plassering og storleik på institusjon med nye sjukeheimsplassar. Det ligg føre fleire  alternative løysingar, mellom desse er å gjennomføra planane for nye sjukeheim med 64 plassar på eigen kommunal tomt ved  Knutsaåsen omsorgssenter.

Etter framlegg frå Else Berit Helle, vedtok Råd for menneske med nedsett funksjonsevne slik uttale i spørsmålet på møtet måndag:

«Rådet ser det som avgjerande at ein kjem i gong med arbeidet så fort som råd, og at arbeidet ikkje vert forseinka. Dette då det allereie er venteliste, og mennesker som treng eit tilbod. Det vil vere tenleg å gå for Knutsaåsen, då ein kan bygge på det eksisterande fagmiljøet og dette vil gjere det mogleg med meir fleksibel nytte av personalressursar.»