KEMEHO vitjar Jazzklubben

Det bergensbaserte bandet KEMEHO gjestar Stord for første gong. Både Halvor Folgerø og Helen Eriksen har vore leiarar for eigne prosjekt på den populære jazzklubben Jazz:Potet i Vestlandet sin hovudstad. Stein Inge er den musikalske kameleonen som alle vil ha med seg i eit band. Han fiksar alle stilartar. Brækhus, Halvorsen, Folgerø og Walle er den ypparste rytmeseksjonen her vest og dei er definitivt i stand til å gi tenorist Helen Eriksen den backinga ho fortener. Ho har gjeve ut fleire album i eige namn og vann i 1997 Spelemannsprisen sin «Årets nykommer-pris». Komposisjonane hennar er sentrale i denne konserten, som har ein profil med kjærleik til 60-talsjazzen og med inspirasjon frå indiske ragas, bossa nova, folkemusikk og hiphop.

KEMEHO:
Helen Eriksen – sax, vokal
Simen Walle – gitar
Erik Halvorsen – tangentar
Stein Inge Brækhus – trommer
Halvor Folgerø – bass