Nøyaktig klokkeslett for knipsing av biletet var 10.30 og tysdagen var blitt høglys og kald. Likevel skein det i gult frå alle lampar over fortauet langs Kaigata i Leirvik by. Det same i dei tre pærene høgt i masta i rundkøying mellom Hamnetind og Notahaugsbryggebygget. Kjekt at det lyser, men best effekt for alle typar trafikkantar blir det når mørkret fell på.
Elles kan det vera verd å merkja seg at dagen er blitt ei times tid lengre, etter solsnuen 21. desember – i fjor.