Vil redusera farten gjennom Nysæterfeltet

Kartet viser kvar fartsdumpane kjem.

Oppsitjarane i Nysæterfeltet har merka sterk auke i både trafikk og fart etter at Åkervikåsen – Åsamyrvegen er blitt omkøyringsrute medan Nysætervegen er stengt i samband med ostørre VA-arbeid. Krav om fartsreduserande tiltak er sett fram av velforening i området, og det vil kommunen no hjelpa til med,

I brev frå vegmyndet i Stord står å lesa:

De  ynskjer to fartshumpar for å få redusert farten i Åkervikåsen og Åsamyrvegen. De skriv at det er alt for mange som køyrer over fartsgrensa og at det er mange born som ferdast på vegen til og frå Solidbana og skule. Søknader om permanente fysiske trafikktryggleikstiltak vert handsama av kommunen og vert vurdert mot kriteria sett av Statens vegvesen. Plassering av fartsdempande tiltak krev vidare medverknad. Desse sakane må sendast på høyring til m.a. politi, ambulanse, brannvesen, velforeiningar og naboar mv. Handsaminga tek soleis tid. Vegane er omkøyringsveg i samband med VA- prosjektet i Nysætervegen. I samband med dette har no prosjektet saman med vegavdelinga i Stord kommune vore på synfaring med representant frå velforeininga. Det er med bakgrunn i denne synfaringa beslutta at det skal plasserast ut ein del fartshumpar (sjå utklipp på side 2) og fortetta med 30 km/t skilt i anleggsperioden. Me håpar dette bidrar til å betre tryggleik for mjuke trafikkantar. Dei mellombelse tiltaka vil verte følgt opp og evaluert. Dykkar ynskje om permanente humpar vil verte handsama så snart som råd er.