Billettsalet i gang for Stordabuen sitt «Euphoria»

Queen, sjølvskriven på repertoaret til Songlaget Stordabuen si framføring av «Rock og sånt» som var tema for fjorårets framsyning. I år boltrar koret seg i skandinavisk popmusikk. (Arkivfoto: Steinar Hystad)

Songlaget Stordabuen har gjort det igjen! 19.-, 20.- og 22. oktober står det populære blandakoret på scenen i Kulturhuset med si nye framsyning «Euphoria».

Medan fjorårets framsyning var tufta på ikoniske rockelåtar frå inn- og utland, er årets sett saman av tøff og velklingande popmusikk frå Noreg, Sverige og Danmark.

Og med Songlaget Stordabuen veit du kva du får. Koret hentar gjerne fram den mest folkekjære popmusikken, arrangerer heile greia for fire korstemmer og stiller med fullt band på scenen. Det er vanskeleg å ikkje la seg riva med når dei 70 songarane trør til for full hals.

Forteljarstemmene har som alltid ei viktig rolle i Songlaget Stordabuen sine framsyningar. Og i år har dei verkeleg fått noko å spela på, når «norsken, svensken og dansken» er tema. Her ligg det an til mykje lått og løye.

Songlaget Stordabuen har eit stort og trufast publikum. Det er knapt nokon som sel så mange billettar i Kulturhuset som dei. Fjorårets tre framsyningar vart alle utselde på kort tid, så ver om deg viss du vil ha billett. Merk at det i år er redusert pris for born.

Konserten varer i omlag 1t. 30 min.

Billettar er å få kjøpt her!