Til første møtet i det nye året, legg det kommunale Eldrerådet på bordet ei fyldig og god årsmelding for 2022. Her blir det slått fast stor aktivitet, med 9 møte, behandling av 13 politiske saker, 43 referatsaker og 10 orienteringar om kommunale gjeremål. Årsmeldinga kjem også med tips til politikarane med høgaste avgjerdsrett. Eldrerådet peikar på demografisk utvikling og lånegjeld og ber om kritiske blikk på samla investeringar til barnehagar, skule, idrett og kultur i forhold til investeringar i eldreomsorg.
Framover i tid meiner rådet det kan sparast areal ved at utvidingar og nye bygg på Heiane blir prosjekterte med tre til fire etasjar. Eldrerådet i Stord sluttar opp forslag om at Tilsynsutvalet for sjukheimar og liknande, skal halda fram si verksend, men at namnet blir endra til Velferdsutvalet. I årsmelding blir det noterte i «plussmargen» at oppslutnaden kring Eldredagen i Kulturhuset stadig er aukande, i fjor var 300 med på markeringa.
Utsendingar frå rådet var på sjukeheim og åt middag for å testa maten som kjem frå ekstern produsent. Konklusjonen vart:
«Vår vurdering er at hovudretten ikkje held den kvalteten ein må krevja når ein skal eta denne maten kvar dag heile året. Ein har ikkje noko anna val enn å eta det ein får. For vår del ville ikkje dette gitt forventningar til middagsmåltidet fordi måltidet ikkje ville gi stor matglede. Dette ville gått utover trivsel, appetitt og livskvaliteten på sjukeheimen, og dermed i siste instans påverka helsa. Me vil tru at dersom ein produserte hovudretten lokalt basert på gode råvarer, så ville livskvalitet og helse for pasientane koma opp på eit høgare nivå.»