Til kamp mot sitkagran

Huglo bygdelag vil fjerna tilveksten av sitkagran og få att kulturlandskapet på holmane nord for Nordhuglo.

Huglo bygdelag  ser for seg å rydda holmar nord av Nordhuglo for sitkagran, samt rydda sti til gravrøys på Hommandeneset.  Dette er rydjejobbar ein har gjort med støtte frå offentlege kroner også tidlegare, og no blir det søkt  nye midlar avsette til fjerning av siktagran. I Fitjarøyane har siste åra vore storstilt hogst av desse uønska granane.

– Holmane ved innseglinga til Nordhuglo vart ein stad mellom 2012-2015 rydda for sitkagran mm. Særleg på holmane, Storholmen, Flatholmen og søre Klungerholmen har det komen opp ein del sitkagran i ettertid. Det er ønskjeleg å få fjerna denne tilveksten, slik at det gamle kulturlandskapet kan koma fram att. Etter fyrste rydding vart holmane ein ynda tilhaldsplass for sjøfugl. Dette vonar me å halda i hevd ved å rydda vekk vegetasjon som no held på å etablera seg, skriv bygdalaget i søknaden stilt til Stord Fitjar landbruks og miljøkontor.

I same skrivet blir det vist til  stien til gravrøysa på Hommandeneset. Særleg stien til gravrøysa har etter etablering (2012 – 2015) grodd delvis att. Ny rydding langs stien er såleis naudsynt. Det skader heller ikkje å ta eit tak rundt sjølve gravrøysa. Tilveksten er upåklageleg, melder Huglo Bygdelag.