Det er lov å snakka om alkohol, men…

Null reklame for dei som har løyve og driv sal- eller skjenking  av alkoholhaldig drikke. (Ill.foto: Steinar Hystad)

– Dersom eg sit på ein utestad som serverer alkohol og les fredags-VG, og det høver seg slik at eg har framme den sida der det er vininformasjon, med bilete av vinflasker – samstundes som skjenkekontrollen er der, kan det då føra med seg at utestaden får prikkar for brot på lova om alkoholreklame?

Det er Jakob Vik, som stiller spørsmålet i e-post til Stord kommune. Han får fyldig svar frå eininga for Fellestenester:

«Forbodet mot alkoholreklame gjeld for løyvehavarar av kommunalt sal- og skjenkeløyve, då dei har inntekter av sal og utskjenking av alkoholhaldig drikke. Dei lovpålagde tilsyna vert ført med sals- og skjenkestadene og omhandlar deira utøving av løyvet.

Aviser, tidsskrift, bøker har ikkje inntekter frå sal eller utskjenking av alkoholhaldig drikke, men frå sal av aviser, bøker og tidsskrift, og reklameforbodet etter alkohollova gjeld såleis ikkje for desse. Reklameforbodet gjeld heller ikkje for privatpersonar som les om, skriv om, eller snakkar om alkoholhaldig drikke, sjølv om dette går føre seg på ein sals- eller skjenkestad»