TILBAKEBLIKK: Frå gode velkomstord frå konferansier Kristian Lunde, i flosshatt og «sjøttemanic», til siste tone frå Electro Sound to og ein halv time seinare – var det topp stemning i storsalen i Kulturhuset denne junikvelden i 1981. Publikum strøymde til i så stort tal av ekstrastolar måtte hentast inn for å gje sitteplass til rundt 500 som ville høyra lokal musikkheltar og samstundes støtta ei god sak: – Handicapåret. Torleiv Agdestein hadde ideen til denne støttekonserten der seks band spelte opp.
Fem frå Stord: De Stressless (Trond Taraldsøy, Helge B. Dahl, Lars T. Kolshus, Espen Nygård og Geir Morten Stokken), 5th Avenue, (Willy Thorbjørnsen, Vidar Ankervold, Svein Inge Midttun, Bjørn Ove Stokken, Leif Asle Andersen, Garman Bore og Ståle Einarsen Askepott (Arvid Nordhus, Erik Jørgensen, Jarle Langeland, Finn Inge Langeland og Nils Sandnes) Lads (Per Ove Sleen, Inge Sleen, Idar Ottesen og Terje Thoresen) og Electro Sound (Hans Dahle, Ketil Ottesen, Nils Åge Ottesen, Odd Tollaksvik, Tor Herbert Hermansen og Kjell E. Tverderøy), pluss Seconhand Band frå Fitjar (Roald Raunholm, Kjell Magnar Helland, Heine Helland, Steinar Raunholm og Tore Raunholm).
Lokalavisa sin utsende (Ster) skreiv i rosande omtale om unge musikantar som spela dels coverlåtar og dels eigenproduserte saker. Slik vart det ein konsertkveld av dei store med variasjon og moderat decibel – og applaus i massevis frå eit begeistra publikum.