Berre delvis opprusting av Breivikjo badeplass

Eit større VA-prosjekt  er gjennomført i området Klingenberg/Breivikjo (Foto: Steinar Hystad)

I formannskapet onsdag stilte Bjarte Edpland (AP) følgjande grunngjeve spørsmål kring tilstand og mogleg opprusting av badeplassen i Brevikjo på Rommetveit:

For tida pågår det arbeid med oppgradering av VA-anlegget på Klingenberg/Klingenbergvegen. Like ved avløpspumpestasjonen som no skal skiftast ut, ligg Brevikjo. Dette er ei av dei flottaste strendene i Stord kommune, og betyr mykje for folk i Nordbygdo. Men i lengre tid har stranda vore forringa av at steinmuren i bakkant av stranda, er i ferd med å falla ut. Det gjer at stranda vert mindre tilgjengeleg og attraktiv enn den har og kunne ha vore.

Underteikna er blitt kontakta av folk i nærområdet som spør om det er mogleg å gjera naudsynt utbetring av Brevikjo badestrand i samband med arbeidet som kommunen gjer i nærområdet.

Eg har på denne bagrunnen følgjande spørsmål til ordførar/kommunedirektør, som eg ynskjer svar på i formannskapsmøte 18.09.24:

1. kva skal til for at kommunen i samband med oppgraderinga av VA-anlegget på Klingeberg/Klingenbergvegen også kan gjera utbetring/oppgradering av steinmur i Brevikjo?

2. Kva vil ekstrakostnaden med dette evt. vera?

3. Kan eit slikt tiltak finansierast delvis eller heilt av Friluftsrådet vest?

Han fekk dette svaret frå kommunalt hald:

1. Prosjekt VA anlegg tek ikkje på seg kostnadar ut over det som høyrer til prosjektet. Prosjektet vil setta muren i stand langs eigedommen 21/19, som ein del av prosjektet. Dersom ein skal gå vidare bortover stranda må det m.a. løyvast eigne kommunale midlar til dette.

2. Kostnadane for å mura opp ny mur og grusa veg i bakkant vil komma på mellom kr 2 – 3 mill. I dette tilfellet må det skrivast avtalar med private grunneigarar (3 stk.), då kommunen ikkje eig grunnen her.

3. Nei, friluftsrådet vest har ikkje midlar til investeringar.