Der som her

SI, med undertittel «Spania i dag», er namnet på ei norsk avis med  nedslagsfelt på Costa Blanca. Avisa informerer om slikt som er av interesse for den store kontigenten av nordmenn og andre kjekke skandinavar i området sør for Valencia.  I siste utgåva er det stoff å kjenna att frå heimslege lokalavisoppslag. Som at Afaz del  Pi  no har i gang aksjon mot hundeskit på offentlege stader og at det i nabokommunen Orihuela Costa blir aksjonert mot ulovleg etablerte bosplassar i naturen.  Altså der – som her…

Nokre fyndord å ta med seg inn i helga:

  • Alt som er gamalt, er ikkje godt – og alt som er nytt er ikkje nyttig
  • Den ventar ikkje forgjeves som ventar på noko godt
  • For mykje av det gode –  kan vera direkte herleg
  • Det skal vera ille – for det blir betre
  • Det gode tek alltid slutt for fort

Så nokre ord på veg ut av stordamålet alt for 50 år sidan

  • Nusla = nutla, arbeida so smått
  • Nussa = snus, lukta, lura etter eitkvart
  • Nyfiken = forviten
  • Næm = lette å fengja, ta seg , smitta
  • Næme = gløgg, lett for å skjøna