Så stor fantasi skal ikkje til for å sjå kva for levande trollfigur som bur i stortreet ved hovudvegen over Saghaugen. Ei gasta furu har med hjelp frå spenstig eføy forma hovudet, med kraftig nase og stødig «hestehale». Frå fast plass på toppen av Saghaugen har gubben sikten på det meste som rører seg i nærområdet og nedover mot sentrum i bykommunen.