Ser mørkt ut for lys på Storddøra

Storddøra eit flott syn også i mørke, dersom lyssettinga funkar slik det gjorde for nokre vintrar sidan. (Foto: Bjarte Wilhelmsen) (Foto: Bjarte H. Wilhelmsen)

Det mørknar både morgon og kveld og dei mange med utsikt til Moloen og Onarheimsparken, lurer på kor det blir av lyset på Storddøra.

– Dette er jo velkomsten til Leirvik, seier godtfolk.

Lenge figurerte det ei politisk sak i kommunen  om lyssetting av Storddøra i den mørkaste årstid,  men endeleg vedtak vart ikkje teke.

Eit spørsmål frå Stordront til eininga for kultur, som hendlar den offentlege utsmykkinga,  blir då:

– Kva er status i saka om lys på «døro»?

Her er svaret:

– Ja, Storddøra er verkeleg velkomsten til Leirvik, det er me samde i.

Status er at det så langt ikkje har vore plass til ljossetting i budsjetta.