Då tida vart kristna

Tysdag 24. september klokka 19:00 kjem professor Eivor Andersen Oftestad frå Høgskolen i Innlandet til Stord folkebibliotek med foredraget «Då tida vart kristna».

Andersen Oftestad er professor i kyrkjehistorie og i foredraget hennar får ein høyra meir om ei viktig side ved innføringa av kristendommen i landet vårt.

I lover og reglar som bygde på kristenretten frå Moster i 1024 finnes eit omfattande regelverk der jordbrukssamfunnet sin årsrytme og tankar om tid vert samordna med kyrkja sin kalender og kyrkja si lære om tida.

Tida vart kristna. Primstavar, kyrkjeklokker, helgedagar og vekerytme er nye måtar å tenkje om tida på. Døgnet, årstidene, liturgiar knyter tida saman med dei bibelske forteljingar og livet til dei heilage. Dette fekk stor innverknad på korleis den norønne kulturen vart forma i samband med innføringa av kristendommen i landet.

Stord kyrkjeakademi står som arrangør. Billettar vert å kjøpe i døra eller i skranken på hovudbiblioteket. Betaling med Vipps