Plasseringa eit lukkeleg val?

Om litt byrjar lauvfallet også. (Foto: Steinar Hystad)

«Dragen» er namnet på den nye spennande stål- og tre-konstruksjonen under trerekkja utfor Sparebank-bygget på Leirvik Torg. «Dragen» er  bygt rundt dei kraftige blomeurnen som har stått sidan  bygget vart reist tidleg på 1980-talet, og skal vera til å sitja på.  No laurdag var det eit større pride-arrangement på Torget med godt frammøte. Det var opplett og ein kunne ha venta at folk sette seg på «Dragen». Det var det ein mann som gjorde, han sat ytterst på eitt av tresetene. Dei  som tok ein ekstra kikk på «Dragen» denne dagen, fekk stadfesta at konstruksjonen er plassert under spesielle lauvtre som slepp frå seg mengder av bær og litt ruskerask i tillegg. Etter denne oppdaginga kan det stillast forsiktig spørsmål om plasseringa under desse trea var eit lukkeleg stadval?