–  Epleslang over og ut?

«Eple og pære vekse på tre, og når di blir modne  så dette di ne’», lyddest songen i barndomen. Strofa er særs aktuell i desse dagar, når mengder av raud-gul-grøne eple og lysebrune pærer mognast i mengder.  Mange av dei har alt falle til jorda jord, og blitt liggjande.  Det er når me i klassen for eldre junior ser nedfallet, det kjem fram minne frå yngre mørke haustkveldar då me  «hjelpte» til med forsiktig hausting av fullasta frukttre rundt i nabolaget. Tiltaket hadde gjerne tilnamnet «epleslang».  Er det over og ut no?

Ha ei god frukthelg!

Fyndord er greitt å fundera på.  Her er fem om medgang og motgang:

  • Det gode skal ein hogga i fjell, det vonde skal ein skriva i snø (Noreg)
  • Alle måtar er gode, unntatt dei dårlege (Finland)
  • Alt godt er anten forbode, umoralsk eller feitande (Danmark)
  • Den skal ha sterke bein, som skal bera sterke dagar (Skandinavisk)
  • Ingen skugge utan lys

Så fem frå lista over ord på veg ut v Stordamålet alt for fem tiår sidan

  • Nader = kvar nader, kvar smitt og smule
  • Nasebragd = nasevis, stikka seg fram
  • Nerk = kraft, styrke
  • Nit = sting t.d.i ryggen
  • Nov = hjørna på eit hus, eller bergnakke som stikk fram.