– Det er beint fortvilande å sjå korleis desse vekstane overtek, seier den turgåande lesaren vår etter å ha vandra på nye gangvegen mellom Sanbrekka/Skotaberg og Sponavikjo. Lesaren sender bilete vedlagt hjartesukket for å visa korleis pøbelplanta parkslirekne har teke seg til rette.
Til kommunestyremøtet i slutten av månaden har Hilde Haugli (SV) meldt interpellasjon i von om å få i gang kommunal dugnad for fjerning landøyda, ei anna pøbelplante som trivest langs vegane våre. I same spørsmålsrunde bør parkslirekne trekkjast inn.
Stordront.no har fått tips om at det ved Klingebergvegen nyleg stod eit skilt med varsel om at det i området var sprøyta mot parkslirekne. Det skulle vel fortelja at det er mogleg med mottiltak for å stogga spreiing av «pøblane».