Rusletur Kvednastølen/Haugland

Stord sogelag sin siste rusletur i 2024  går tysdag 10. september.  Starten går frå parkeringsplassen ved Vadvegen klokka 17.30, om lag 500 m inn til venstre frå Fjellgardsvegen.

Ruslinga går først innover på skogsvegen retning Hauglandskverna. Etter om lag 800 m tek me av på sti oppover mot hovudstoppen for denne rusleturen; plasset Kvednastølen.  Det var eitt  av fire plass under garden Haugland. Det ligg godt skjult, både frå skogsvegen og frå tuna på Haugland. Omgjevnadene er naturskjøne, heilt fri for innsyn frå andre tun. Derimot ser ein fritt til Stordafjellet.

Plasset har ein lang, samanhengjande steingard mellom innmarka og skogen. Plasset fekk seinare eige B. og G.nr. Bustadhuset vart seinare utskild frå all dyrka mark kring bruket og brukt som fritidsbustad.   Dei siste 20 åra er det rusta noko opp og blir no eigd og brukt som fritidsbustad av Trine og Øystein Kyvik.  

Kvednastølen har ei svært spanande og dramatisk soge. Ei hending frå 1857 står svært sentralt. Den får me sjølvsagt høyra, framført av ei framifrå skodespelarrøyst.   Det er vidare ein link heilt frå Kvednastølen og like til Kongens bord. Den linken skal me fylgja.  Som vanleg set me pris på supplerande innslag frå dei frammøtte.

Etter servering av lett mat og drikke går turen attende via skogsveg frå Kvednastølen til Vadvegen.

Det kan vera noko vått, så fottøyet må vera tett. Sameleis kan det vera lurt  å ha med myggmedel.

STORD  SOGELAG  ynskjer alle VELKOMNE!