«Konkurransegjennomføringssystemet». Stord kommune skal inngå nye brøytekontraktar for komande vinter og komande år, og det er i kunngjeringa av anbodskonkurransen det dukkar fram eit orda som må vera eit funn for ein kvar quiz-kveld. For kva vil quiz-folket svara når spørjaren spør om ordet som har: 33 bokstavar og har med konkurranse og system og gjennomføring å gjera? Sjeldan bokstavkost er det, i alle fall. Lukke til.
Gode ordtak for helga:
- Hardt ver står sjeldan lengje på (også bruka om ein som fyk opp i sinne)
- Små gryte har også øyre
- Da e best å smi medan jarnet er varmt
- Fykande kråka får noko, sitjande inkje
- Av skade vert ein vis, men ikkje rik
Så nokre ord på veg ut av stordamålet alt for 50 år sidan
- Myksla = masse, ei mengd
- Myrja på = arbeida, hardt og ihuga
- Mæ-hæ = eit inkjevetta, ein som berre jattar med
- Mødd = trøtt og lei
- Måfå = til fånyttes, fåfengt