I fotspora til Axeliane

Korleis gjekk det vidare med Axeliane og barnet? (Foto: Steinar Hystad)

I sommar har skodespelet AXELIANE av Per Jan Ingebrigtsen, gått for eit stort publikum oppe i fengselsgarden på Leirvik. Mange av dei som har sett skodespelet vart gripne av lagnaden til den reisande røffe, sårbare dama. Og mange spør:

– Korleis gjekk det med Axeliane etter at ho vart transportert til Christiania Tukthus?

– Korleis gjekk det med henne seinare i livet?

– Veit ein noko om barndommen og oppveksten hennar?

Ein mann undrast på korleis forfattaren kunne vita kva som skjedde på ei celle i fengselet i 1878. Det kjem nok forfattar/føredragshaldar til å gi eit ærleg og greitt svar på når han samstundes tek for seg research-arbeid og utfordringar ved å skriva historiske skodespel eller historiske romanar.

Korleis gjekk det eigentleg med vesle Jean Fridolf? Kom han som vaksen mann attende til fengselet, slik han gjer i skodespelet? Tok han seinare kontakt med mora? Kva skreiv han for noko – og korleis vart det han skreiv motteke? Mange av spørsmåla veit føredragshaldaren konkrete svar på – men slett ikkje alle.

Dikt av Jean Fridolf Føyen, og dikt og små «snuttar» frå skodespelet, vert fletta inn i føredraget.

Mange spør etter lensmannen sitt avsluttingsdikt; «Kor finst den Gud» Teksten vil bli framført i biblioteket.

Hjarteleg velkommen, vonleg til både ei sprudlande og tankevekkjande oppleving – og god samtale etter føredraget.

Dette skriv biblioteket i ei pressemelding.