Diverre – ikkje planar om meir E39-veglys

Ikkje planar om  meir veglys langs E39 – som her på Børtveit . (Foto: Steinar Hystad)

Mørkret vil «stela» meir og meir av døgeret fram mot neste solsnu, med tilhøyrande lengt etter meir og meir veglys. Men så mykje meir lys  langs  heftig trafikkerte  E39 over Stordøya kan me ikkje venta oss.  Og aller minst mellom  Sandvikvåg og Jektavik, der det er flest til dels lange strekningar utan lys i det heile.  Greitt opplyste kilometrar, går brått over i beksvarte – og varme ønskje om meir veglys blir sendt til statlege styresmakter,  med ansvaret for austsidevegen.

– Diverre, seier Statens Vegvesen: – Det ligg ikkje føre konkrete planar om meir veglys langs E39, og det er heller ikkje avsett  pengar til  føremålet. Ei medverkande årsak er uvissa knytt til Hordfast og planlagt kryssing av Langenuen med bru frå Jektavik til Tysnes.