«Den måten kommunane forvaltar naturen på er avgjerande for om me kan nå måla nedfelt i lov- og regelverk, og som alle med forvaltingsmynde er forplikta til. Dette inneber også å hindra spreiing av uynskte vekstar som breier seg og øydelegg for ein natur i balanse. Landøyda er ei slik plante, som også er svært giftig og svært farleg for storfe om dei får planta i seg, t.d. som del av innhausta for».
Sitatet er henta frå Interpellasjon og spørsmål Hilde Hildal Hauglid (SV) har meldt inn til septembermøtet for Stord Kommunestyre.
Hildal Hauglid manar til dugnad mot landøyda, og viser til at det er viktig å få fjerninga av ugraset i gang før frøsettinga. Ho viser til at fleire kommunar alt har sett i gang slike tiltak. Til dømes Lindesnes kommune som har oppnådd gode resultat, noko ein kan lesa om på nettsida til agderkommunen.
– Hjå oss har ikkje speiing av landøyda vore så merkbar før dei siste åra, men no hastar det å koma i gang. SV vil be om at kommunen tek initiativ til dette, heiter det i interpellasjonen.