Opposisjonen stiller spørsmål om stenging av Nysætervegen

Til komande kommunestyremøte 26. september har opposisjonen stilt følgande spørsmål:

Me er fleire politikarar som i samband med skulestart har blitt kontakta av foreldre til barn som gjekk på den no nedlagde Litlabø barneskule. Foreldra reagerer m.a. på at det ikkje vart opplyst om at Nysætervegen skulle stengjast, i samband med saka om nedlegging av skulen. Det viser seg no at vegen skal vera stengt i to år, noko som ikkje vart opplyst verken i saksutgreiinga, høyringane eller i samband med den politiske handsaminga i Utval for oppvekst og kultur og kommunestyre. Dette er etter vårt syn endå eit moment som vitnar om ein forhasta prosess og mangelfull saksutgreiing.

Nysætervegen vart stengt 12. august, tre dagar før skulestart, og omkøyringsveg dei to åra vegen skal vera stengt, vert gjennom Åkervikåsen byggjefelt. Vegstenginga vil auka trafikken betydeleg, og her vil no også køyra bussar og lastebilar med stein til utviding av Utslettevegen. Borna som før gjekk på Litlabø skule og no er flytta til Sagvåg skule, må nytta denne vegen som skuleveg. Det må også foreldre og andre innbyggjarar i Litlabøkrinsen, når dei skal levera borna eller har andre ærend i Sagvåg/Heiane. Det er sett opp skulebuss, men det er fleire grunnar til at det ikkje alltid høver for borna å nytta denne, t.d. SFO, aktivitetar etter skuletid o.l.

Delar av skulevegen, Åsamyrvegen, er smal og svingete og har berre delvis fortau. Der det er fortau, skiftar det frå side til side, og det er ikkje alle stader merka med fotgjengarovergang. Det manglar også autovern på den brattaste delen av Åkervikåsvegen. Fortaua er smale og i om lag same høgd som vegen. Ein forelder som skulle køyra barnet sitt til skulen, fortel at ein møtte tre lastebilar og to bussar. Den eine bussen stod i kork, og ein måtte køyra opp på fortauet for å passera den.

Foreldre som har fått borna sine flytta til Tjødnalio skule, reagerer også på at det ikkje er skjedd noko med
trafikksituasjonen der, slik det vart lova då saka var oppe. Det er sendt ut skriv til foreldra om at ein ikkje må køyra opp til skulen, men setja av borna ved hovudvegen. Varaordføraren hevdar i avisa at det er droppsone ved innkøyringa til Tjødnalio byggjefel, men dette er eigentleg ein sykkelsti, og elevane ved Tjødnalio uttrykte
bekymring for at det ville bli kaos her i sin høyringsuttale til saka. Det er ikkje sendt ut noko informasjon om kva tid kommunen ser for seg å starta på den lova utbetringa av Tjødnalio skule.

Me har på bakgrunn av dette følgjande spørsmål til ordførar/kommunedirektør som me ynskjer å få svar på i kommunestyremøtet 26.09.24.

  1. Var administrativ og politisk leiing klar over at Nysætervegen skulle stengast tre dagar før skulestart og vera stengt i to år? I så fall: Kvifor vart det ikkje opplyst om dette då saka vart handsama i utval og kommunestyre.
  2. Er det innvilga gratis skuleskyss som følgje av farleg skuleveg for dei som bur langs/nyttar Åsamyrvegen?
  3. Kva tid skal ein starta opp med trafikksikringstiltak ved Tjødnalio skule? Kva er siste kostnadsestimat for dette?