Åtte hannhjortar på bøen

1. september går startstkotet for hjortejakta, og i den samanheng har viltnemnda i Fitjar (Stord har ikkje slik nemnd lenger) drøfta ei prinsipielt interessant sak. Etter fordelingsrunden av fellingsløyve, fekk Vistvik vald grønt lys for to kalvar, to ungdyr, eitt hodyr og null hanndyr. Dette etter retningsliner i forvaltingsplanen, der målet er å auka bestanden av hanndyr.  Vistvik vald klaga på avgjerda, og viste til realiteten; – at det er observert åtte  kronhjortar i følgje på innmark og dei gjer stor skade. Og det endå dei ikkje har lov å vera der. Klagen vart teken til følgje.  Viltnemnda gav Vistvikingane tilleggsløyve på ein hannhjort.

God helg med gode ordtak:

  • Den so kjøpe alt han ser, får gråta når andre ler
  • Da e aldri så gale at det ikkje er godt for eitkvart
  • Da augo ikkje ser og øyro ikkje høyre, gjer ikkje hjarta ilt
  • Da er lite lønt å spara på skjelingen og la dalaren gå
  • Noko e godt, inkje e verre

Så nokre ord som var på veg ut av stordamålet alt for 50 år sidan

  • Munnkåt= svær til å prata, skravla
  • Munntol = roleg stund, teia still
  • Murkla = ulma, gløda, putla og arbeida
  • Muta = når hønsa byter fjør
  • Mylja = flatrøda bløytt i feitt