Spesiell biletkunst i Kulturhuset

Så vakkert blir det når ein kan kunsten å laga bilete med småstein (strandstein). (Foto: Steinar Hystad)

«Vi kan berre leva i ei verd der lys, godheit og skjønnheit dominerer, ved å setje pris på kunst». Dette er oppmodinga frå kunstnarane Lana Nabokova og Zafer Yilmaz som stiller ut verka sine i foajeen i Stord Kulturhus denne veka. Nabokova har sine biletet på veggen oppe, ved inngangen til Kulturskulen, Yilmaz nede – på veggen mot bassenget.  Dette er ei salsutstilling, med nærare informasjon om handel i oppslag.

Utstillinga avsluttast komande søndag.