Stordabuar som seier Vikjo når dei skal på Leirvik, har truleg ein alder som tilseier at dei etter kvart ser på stabbesteinane i Nordre Kaisving som levande og sentrale forn- og kulturminne. Det gjer i alle fall den skrivande i Stordront, som alt er komen i klassen for veldig eldre junior. Når så stabbesteinane i kaisvingen har vore der i «alle år», er det berre naturleg at det herfrå blir sendt ei hjartans takk til den eller dei som igjen har teke kvasse sakser fatt og fått fjerna eføyen og fått dei stolte steinane fram i dag. Skulle det bli tid og høve, er det berre å klyppa vekk mellom stabbesteinane også.