Stord kommune har hatt planstrategien for perioden 2024-2027 ute til høyring og offentleg ettersyn og mellom dei som har kome med kommentarar og innspel er Vestland fylkeskommune. Som har svart med nye planråd for Stord si utvikling framover.
Fylkeskommunen peikar mellom anna på at det i framlegg til planstrategi vert trekt fram fleire utfordringar kommunen har, mellom anna mangel på variasjon av bustader.
– Dette er eit viktig tema, og me tykkjer det er positivt at Stord kommune rettar merksemda mot dette. Me oppfordrar om at ny bustadbygging først og fremst kjem som fortetting i allereie utbygde område, heller enn omdisponering av ubygde areal, skriv fylket.
Og vidare:
«Senterstruktur er eit anna tema som verft drøfta med fokus på kva rolle Leirvik sentrum og Heiane skal ha i høve til kvarandre. Det skal lagast offentlege sentrumsplanar for Leirvik, Heiane og Sagvåg. Fylkeskommunen tenkjer dette vert eit viktig arbeid og oppmodar om at sentra vert kompakte med gode møteplassar og at det vert sett krav til estetisk utforming»