Komande tysdag kl 1100 inviterer Senioruniversitetet i Sunnhordland til ny forelesing i storsalen i Bømlo Kulturhus på Svortland. Mange interessante tema står på programmet frametter hausten. Oppsettet er slik:
Tysdag 27. august:
Professor HVL Hilmar Mjelde: «Presidentvalet 2024 – det viktigaste sidan borgarkrigen for både USA og verda.»
Tysdag 24. september:
Professor emeritus Sven Svebak: «Humor og helse.»
Tysdag 29. oktober:
Journalist Einar Lunde: «De nye silkeveiene – fra Kina, via Afrika til Norge.»
Tysdag 19. november:
Tidlegare lærar Agnethe Mohn: «Motstandskvinner 1940 – 1945 med hovudvekt på Bergen og omland langs kysten.»
Tysdag 3. desember:
Tidlegare lærar Annbjørg Håland Riise: «Juletradisjonar – verdiar frå fortid, notid og for framtid.»