– Jo, sauene gir grei beskjed om dei ikkje er fullnøgde med maten dei får servert. Når det gulnar i fjellgraset, slik det har gjort siste vekene, byrjar dyra trekkja heimover der bøgraset framleis er grønt. Beitesesongen 2024 i Stordfjellet kan kort summertast med tidleg vår – og tidleg haust, seier Tore Atle Sørheim, mangeårige leiar i Stord sau og geit.
Han reknar med at to tredeler av dei rundt 2500 søyer og lam som vart leia til fjells i mai, no er komne ned att. Og mange er sende vidare til forvandling hjå Fatland i Ølen og ligg alt som ferskt fårikålkjøt til sals i butikkane.