I samband med 750 års jubileet til Magnus Lagabøte si Landlov vert det sundag 1. september klokka 15:00 arrangert forteljarstund i Ådlandstova på Sunnhordland Museum. Her skal forteljing, musikk og visuell kunst flettast saman for å gje eit levande blikk på Magnus Lagabøte og Landlova. – Du får oppleva korleis denne lova har forma Noreg sitt historiske og kulturelle landskap – ei tankevekkjande reise gjennom vår juridiske og kulturelle fortid, vert det lova i omtalen av arrangementet.
Medverkande er Guttorm Rogdaberg (fortelling), Reidun Horvei (song og forteljing), Inger-Kristine Riber (musikk/lydkulissar) og Anne Hestvik (visuelt uttrykk).
Billettar til arrangementet kjøper du her og dei kostar 150,00 – eller 100,00 om du har årskort.