Tysevatnet – eit særs godt vasskjeldeval

Leiaren i styringsgruppa  Syvert Birkenes, overleverte vassverket til kommunen ved dåverande ordførar Werner Hagerup på symbolsk vis. (Foto: Tor Resser)

TILBAKEBLIKK: Hausten 1980 var det  reint og godt drikkevatn frå Tysevassdrag som rann ut når abonnentane til Stord Vassverk  «skrudde på springen» i heimane sine.  Sidan har klårt og velsmakande vatn, vore provet på at Stord kommunestyre gjorde eit  særs godt val når Aravatnet, Tysevatnet og Vaulane vart  valt til felleskjelde for stordabuen. Det skjedde i oktober 1976 – og det treng ikkje løynast  at det i  førkant var heftige diskusjonar om kva vatn som skulle erstatta Ravatnet  som ny  felleskjelde for kommunen.  Ravatnet sleit stundevis med å sleppa nok vatn ut på nettet, det problemet har ikkje råka Tysevassdraget særleg  ofte.  Her har naturlegvis  vestlandsvèret vore på brukarane si side med stødig leveranse av regn…

Samstundes som vedtaket om nytt vassverk (inkl reinseanlegget) vart gjort, vart ei eiga styringsgruppe sett i arbeid under leiing av Syvert Birkenes. Gruppa jobba godt og styrte prosjektet i mål med eit lite «overskot».  Det var for skuld endring i planar undervegs, mellom anna med legging av nye hovudleidningar, at den høgtidlege overlevering av det nye vassverket til kommunen først fann stad 1. desember 1983.

– Kommunen hadde  ei tredelt målsetting med det nye vassverket: – godt vatn, nok vatn og ei sikker forsyning. Eg trur målsetjinga er nådd, sa Birnes då han overrekte «nøkkelen» til ordfør Werner Hagerup.

Og den utsegna kan stordabuen nikke ja til  vel 40 år og mange  milliard liter reint Tysevatn seinare.  Kvart sekund blir 1200-130 liter vatn sleppt på nettet.