Mikkel Rev  tok ein pause i Huglo-graset

Aage Johnsen fanga besøket av reven på video på mobilen.

Aage Johnsen, med fritidsbustad på Nordhuglo, hadde mobil klar då han nyleg oppdag ein raudrev på bakken nær husnovene.  Filmsnutten er ei stadfesting på det som bli sagt på Huglo, om at  revekull har slått seg til og funne livsgrunnlag både nord og sør på øya. Etter kvart er det gjort mange observasjonar av luringen Mikkel, ved fleire høve  luskande rundt hønsegardar.  

Men reven har mangt anna levande på menyen, seier dyre- og fuglekjennar Jan Rabben til Stordront.  At det ikkje lenger er viper å sjå på øya og at stamma av mink er så godt som vekke, er resultat av at reven har etablert seg.  Vånd, kjend som jordrotte, har også slått seg til på  Huglo, til glede for reven som ser desse gnagarane som reine delikatessar.

Då trekantsambandet opna for trafikk og Stordøy vart landfast, var det snakk om å montera eit spesiallys ved tunnelinnslaget i Sveio for å halda reven vekke. Han var ikkje ønskt som nytt innslag i faunen. Det har heller ikkje vore meldingar om rev på «fastlands-Stord», og av den grunn er det heller ikkje skotpremie på dyret verken i Stord eller Fitjar.

Mest naturleg er det å tru at  Mikkel Rev har teke seg ein symjetur over  Laukhammarsundet frå Skorpo og Tysnes for å sjå på livsvilkår på Huglo.  Og der har han altså funne seg godt til rette, slik han elles har gjort mange stader  i den norske naturen.