Nytt namn og ny fane

I samband med presentasjon av den nye fana, vart det invitert til basar med song frå koret, servering og loddsal. (Foto: Tore Resser)

TILBAKEBLIKK: Undervegs i drifta av Sagvåg skulekor, byrja det koma unge songarar frå Litlabø skule på øvingane og når koret kunne feira niårsdagen var det tid for namnebyte. Sagvåg og Litlabø skulekor var ein realitet og det vart  markert me ny fane med korrekt namn: Sagvåg og Litlabø skulekor, fortel Sunnhordland i  oppslag med bilete  på kultursida 7. april 1984. Songarane  kom frå 2. til 6. klasse på dei to skulane  og samansettinga fortel klart at å gå kor var ei «jentegreie». Mellom  dei  25 røystene var det  berre to gutar – forklaringa kunne liggja i at dei unge herrane tykte det var «tøffare»  bruka fritida på fotball og den slags aktivitetar.  

Samarbeid på tvers av skulekrinsgrenser er altså ikkje noko nytt for bydelen Sagvåg/Litlabø.