Tilbake på kjende kai-trakter

M/S Karmsund vart i 87 lengd til 89,4 meter. Ligg for tida ved Nattrutekaien og ventar på maskindeler. (Foto: Steinar Hystad)

Då M/S Karmsund vart levert frå Brødrene Lothe skipsbyggeri i Haugesund februar 1979, var skipssidene påmalte VERITAS-RUTEN med store kvite bokstavar.  Då var det reiarlaget  Veritas i Haugesund som eigde og drifta skipet. «Karmsund» gjekk inn i godstrafikk langs kysten og var  ofte å sjå ved kai i Leirvik hamn. Først ved  Sunnhordlandskaien, seinare ved Nattrutekaien – når Tor Haugland flytta DS-ekspedisjonen der til.  Det var den tid det aller meste av  varene til øya vår kom på kjøl.

Midt i førre veke la M/S Karmsund til Nattrutekaien på ny. Denne gong måtte  lastebåten ha hjelp til kai grunna  maskinskade. Ved Hamnekontoret blir det opplyst at ein ventar på nye deler til motoren.

Dei som meiner at det er ein lengre versjon av «veritas-fartyet» som er på besøk no, i høve til for 40 år sidan – dei har rett. «Karmsund» vart lengd frå 70 meter til 89,4 meter  i 1987. HSD var på eigarsida på 80-talet og sidan har det vore ein del skifte av reiarlag  fram til 2018, då det danske flagget vart heis og Nørresundby vart heimehamn. Nordeuropa er seglingsområde, opplyser Scann Shipping på nettsida si.

Attende i november 1983 – kom gods til Stord med lastebåtar. Veritasruten sin «Karmsund» var ein fast gjest ved Nattrutekaien hos Tor Haugland DS-ekspedisjon. (Foto: Tor Resser)