Vel ferdig med pakkane kunne presangnissen endeleg ta seg ei kvild, og då sovna han lika godt rett utfor garasjen. Han vakna med eit smil på spørsmålet om da hadde vore ei travel jul i fjor.
– Ja, da ska eg sei da va. For samma kass dør eg banka på, e forresten slutta å koma ned skorsteinane te folk, dei nye pipene er så tronge at da mest ikkje e muligt. Ja. Da var da eg sku fortella, at same kva dør eg banka på, og spørde itter snille onga, så va svaro eine rungande ja’et itte da andra. Sånn va da heile veien på afto. Jodå visst e da te bli i golag av, men for ein halvgamling som meg merkast kjøret, vett du. Så no va da velgjerande godt å ta seg ein liten næpp, so di seie borte hos santa clausane i junaiten.
– Når da jelle julo som snart stundar til igjen, e da faktisk bjønta å komma ønskje frå snille onga. Soleisen e da berre å få julo i gang på verkstaden. Godt nyttår, forresten, helsa presangnissen.