Kvifor til venstre mot Leirvik?

Her blir det tipsa om venstresving i Lønningsdalen for å køyra til Leirvik. (Foto: Steinar Hystad)

Ved Litlabøvegen (fylkesveg), eit stykke før ein skal inn på E39 (riksveg) i Lønningsdalen, står skilt som viser vegval til tre byar. Leirvik er ein av dei, Stavanger og Bergen dei to andre. Og det er veldig greitt, seier ein lesar som spekulerer på kvifor bilkøyrande (framande?) blir rådd til å svinga til venstre  for å koma til  Leirvik sentrum. Det betyr at ein i det hardt trafikkerte  krysset i Lønningsdalen må kryssa over  sørgåande  køyrebane for å koma til nordgåande side av  E39.  Er det ikkje meir naturelg og sikkert å svinga til høgre og følgja europavegen mot Vabakkjen og vidare gjennom rundkøyring og ned mot sentrum den vegen?

Nokon som har svaret? Send det til tips@stordront.no.