Om slikt som ikkje er nødvendig…

På Røde Kors sin raude benk ved nordre utgang av Ami-senteret  oppmodar eit lite skilt godtfolk å setja seg nedpå og «slå av ein prat». I utgangspunktet ei gøyale oppfordring, sidan det å «slå av» vanlegvis blir sagt  når me  meiner at  her bør ein slå av musikken, radioen eller eit kvart anna som støyar.  Men det gjer sjeldan ein god prat,  så det er berre å setja seg  på benken og venta på  ei eller ein  som er ute i same ærend. Kva ein pratar om er ikkje så veldig nøye. Det kan godt  vera om slikt som ikkje er så nødvendig, som han sa ein triveleg fitjarbu.

Nokre eldre stordske fyndord  å ta med inn i helga

  • Eg e vane me’ da, sa ma’n, da gjekk på tap
  • Han fyk ‘kje åv sigle (ein som tek det tolegt)
  • Da var idle vore (når eitkvart ikkje går som det skulle)
  • Gå i fetlingane (når ein heftar seg vel mykje med småting)
  • Gagn og gaman ska gå saman

Og nokre ord som var på veg ut av Stordamålet alt for 50 år sidan

  • Mankera = mangla, vanta
  • Masemot = flink å prata, huga på samrøa
  • Maula = eta seint, tyggja lenge på maten
  • Med (me) = fiskemed, med og merke
  • Mea eller mida = gå eller ro, just så vidt da går på fram