Ungdomsrådet først ut i haust-politikken

Stord kommunestyre har første møtet etter ferien 26. september. (Arkivfoto: Steinar Hystad)

Den kommunale møtekalenderen gir desse opplysningar om oppstart for den politiske aktivitet i Stord i haust.  Først ut er Ungdomsrådet, som blir kalla til samling 21. august. Veka etter det er tre utvalsmøte: 26. for Eldrerådet og Råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Så går det slag i slag: 27. august  møte i Utval for oppvekst og kultur, 28. møte i Utval for rehabilitering helse og omsorg og 29. august møte  i Utval for byutvikling.

Stord formannskap står oppført med sitt første haustmøte 18. september og Stord kommunestyre samlast første gong etter ferien torsdag 26. september.