Stabilt besøk i gjestehamna

Båtfolket trivet godt i Leirvik gjestehamn. (Foto: Steinar Hystad)

Ustabilt ferievèr verkar ikkje særleg inn på trafikken til dei lunt plasserte gjestebryggene langs Evjo, inst i Leirvik hamn.

Perioden frå 1. januar til 6. august i fjor vart det registrert 1733 betalande  båtar til kai, medan talet same tidsrom i år er notert til 1725. Totalt for 2023 vart det ført til protokolls 2112 gjestebåtar – medan talet vart 2367 for toppåret 2022.  Leirvik gjestehamn vil vera kjend for si solrike plassering – frå tidleg morgon til seine kvelden kan varme ståler nytast.

I tillegg kan mannskapet frå hamnekontoret som ser til gjestene, motta godord og skryt over fasilitetar i servicebygget, som ligg godt over snittet for norske hamner.