Tilbakeblikk: Det har gjennom siste 10 valbolkar (i alle fall) versert gilde planar for korleis Leirvik Torg skulle utformast. I dei fleste tilfella har det blitt med planane; – Slik som bygging av eit handelsmagasin på nordre del av tomten, bygging av ein felles musikkpaviljong og bygging av ein større parkeringskjellar under Torg-planet.
Men deler av planar er også blitt gjennomførte. I byrjinga av mai 1984 var det etter førebuande planarbeid sett sju vaksne parklindetre i jorda nord på Torget. Spesielle tre til 2.200 kroner per stykk, kjøpt frå hagesenter i Asker. Tre som stort sett har fått stått i fred og pynta fint opp. Meir enn pengane til lindetrea hadde ikkje kommunen til rådvelde for fullføring av dågjeldande torgplan på dette tidspunktet våren 84.
På biletet er det å merka seg at Drosjehytta den gongen hadde si sentrale plassering på Torget. Legg også merke til den vesle busken som stikk bladlause greiner opp heilt til høgre framom rådhuset. Neste gong du er på Vikjo kan du sjekka kor stort treet er blitt.