– Slett ikkje eit Stord-fenomen!

Er diverre å sjå langs mange fylkesvegstrekningar i Hordaland. (Foto: Steinar Hystad)

– Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor melder at  den gule og giftige planta  landøyda spreier seg snøgt på Stordøy, ein melding som kan gje inntrykk av at veksten er eit  lokalt fenomen. Eller rettare, eit Stordøy problem. Men det er ikkje tilfelle. Landøyda er blitt eit fylkesvegproblem i Hordaland.

Utsegna kjem etter ein biltur gjennom kommunane Kvinnherad, Ullensvang (også tidlegare Odda og Jondal), Kvam, Tysnes og Stord.

Langs dei meste brukte samferdsleårene i området «pyntar» landøyda vegskuldrene, med sine struttande vekstar i større og mindre koloniar.

Det vitnar om sterk vekstvilje og får ein til å tru at pøbelplanta gjer seg nytte av biltrafikken for å finne spreia seg?  Det må vel vera ein grunn til at landøyda trivest best langs vegane?

Er det noko vegeigar kan gjera?