Klokka viste 13:10, altså ti over eitt, fredag 2. august 2024, då eit skvalder-rabalder kunne høyrast langs Langenuen. Ingen tvil om kva som rørte seg – for høgt der opp i lufta fauk ein stor grågåsflokk i sikker v-formasjon rett mot sør. Eit sikkert varsel om kva årstid som nærmar seg.
Og som i fjor og dei fleste år før der – verka det som om sjefen i flokken har lese seg opp på norske jakttider på gåsa. Startskotet er sett til 10. august – og då er det jo like greitt å vera på plass i sørlegare strok av verda.