Fleire ledige skuldast sommarferien

I juli er 1,2 prosent av arbeidsstyrken registrert som heilt ledig i Sunnhordland. Dette tilsvarar ein auke på 39 personar samanlikna med førre månad og 61 fleire samanlikna med juli året før. 
 
– Det er normale sesongvariasjonar som ligg bak at talet heilt ledige har auka. Me ser at talet heilt ledige aukar, medan talet delvis ledige og ledige på tiltak minskar – i tråd med ferietidene. Me vurderer framleis at arbeidsløysa er særleg låg, og den totale arbeidssøkarbeholdninga går faktisk litt ned frå juni, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland. 

Samstundes aukar delen langtidsledige til over 40 prosent for første gong sidan juli i fjor.  

– Me ser ein naturleg oppgang i langtidsledige kring juli, men kjem til å følgje den vidare utviklinga tett. Me ventar at delen langtidsledige skal gå ned att i august, seier Lægreid 

I juli hadde Stord kommune den lågaste arbeidsløysa i Sunnhordland med 0,9 prosent.