TILBAKEBLIKK: Nokre av dei første åra på 80-talet var Nattrutekaien ein populær plass i hamnebyen Leirvik. Ikkje minst, var det ein grei plass å parkera når ein skulle på Vikjo på handel. Laurdags føremiddag kunne rekkja av parkerte bilar vera lang, til ei viss fortviling for hamnesjefen som ynskte bruka kaien til andre ting. På haustparten 1983 varsla hamnestyret at dei hadde søkt vegstyremaktene om å få hengja opp skilt som sette forbod mot parkering området. Med skiltet på plass, stod ein sterkare når det galdt å visa bilane vekk. Skiltet kom, og heng ved innkøyrsla til kaien framleis – 41 år etter.
Kring same tidsrom skjedde ei anna endring på Nattrutekaien, som også vekte engasjement frå publikum. To tre føremiddagar i veka la fiskarar frå Halsnøy til kaifronten med nyslødd fisk og anna havgodt. Eit så populært tilbod at folk stilte tidleg i ventekø for å sikra seg nam-nam til middag eller kveldsbordet. Etter kvart kom det nye reglar for denne slags verksemd, som sette stopp for direktesalet mellom fiskar og fiskekjøpar. Fangsten skulle heretter innom mottak for manntalsføring, før han kom ut på marknaden.